Fotballgruppa

 

Samnanger Idrettslag

 

 

 

ABC for trener og lagleder i Samnanger Fotball

 

 

 

 

 

Rev. April 2022

 


Fotballstyret 2022

 

Rolle
Navn
Mobil
E-post
Leder
Svein Tore Drevsjø902 47 929svein.drevsjo@gmail.com
Nestleder
Anja Elisabeth Gjerde Markhus924 28 900anja.gjerde@hotmail.com
KassererGislane Pereira Totland953 37 315gislanetotland@hotmail.com
Dommeransvarlig
Siw Berit Tveit
984 00 558
siw_berit@hotmail.com
Fiks-ansvarligMiriam Hisdal924 83 733mirhis@icloud.com
MaterialforvalterIrmelin Aadland Bjørkmo975 19 297irmelin_ah@hotmail.com
Sportslig ansvarligRoy Vegard Hope
thehope@hotmail.com
KioskansvarligStephanie Christensen
stephaniechristensen08@hotmail.com

 

 

  

Strategiplan for Fotballgruppa i Samnanger IL

 

Hensikt

Kven er me til for? 

Samnanger IL- Fotballgruppa, skal gje et positivt aktivitetstilbod for alle gutar og jenter over 6 år i Samnanger som ynskjer å spela fotball. 

 

Fotballgruppa består av ca. 160 aktive utøvarar og for at me fortsatt skal kunna driva et forsvarleg treningsopplegg, trengs det plass til trening om vinterhalvåret. Då fleire av spelargruppene består av 15-20 personar, vert det for liten plass på skulane til å kunna drifta effektiv trening. Styret er derfor åpen for at lagene kan leige andre innandørs treningsområder som for eksempel hallen i Fusa eller Åsanehallen. Det blir bevilga kr. Xxx til kvart lag pr år til dette. Dette må lagleiar søke styret om. 

 

Fotballgruppa skal primært ha fokus på breddeidretten og vidare sørgja for at jenter og gutar får dei samme tilboda. Fotballgruppa skal og legga til rette for sportsleg suksess og utvikling for junior/seniorspelarar i eigen klubb. Dette kan og være i samarbeid med andre klubbar. Topping av lag skal ikkje være prioriterte i barnefotballen i Samnanger, dvs. opp til 12 år. Over 12 år kan topping av lag skje, men samtidig bør trenarar ha fokus på at alle får være aktive. 

 

Kva skal me gjera for medlemmene og kvifor?

  • Forebyggande arbeid
  • Gje et fritidstilbod
  • Sportsleg utvikling
  • Skapa god klubbfølelse og samhørighet

Fotballgruppa har eit ansvar for å ta vare på dei som ynskjer å spela fotball i Samnanger. Dette gjre me ved å gje medlemmane eit godt sportsleg og sosialt tilbud med engasjerte trenarar/lagleiarar, tilpassa dei ulike årsklassane. Gjennom dette arbeidet skal det søkjast å skapa eit godt kameratskap og eit positivt miljø. Miljøet som vert bygd, skal bidar forebyggjande for ungdom, spesielt i forhold til doping, alkohol, tobakk, mobbing, rasisme og vold. Det skal og leggjast til rette for å gje andre tilbod som bidrar til å halda ungdomane lengst mogleg i klubben. Dette kan vera ungsomsleiarskule, dommarutdanning og trenarutdanning. 

 

Framgangsfaktorer

 

Hovedutfordringar

Samhold og klubbfølelse: 

Fotballgruppa skal fortsette arbeidet med å byggja eit godt klubbmiljø. Våre medlemmar vert oppfordra til å komma med innspel som kan bidra til positiv utvikling av klubbmiljøet, slik at ingen vert mobba, føler seg utestengt eller ikkje føler seg velkommen. Fotballgruppa skal arbeida for å laga retningslinjer for handtering av mobbing, rasisme og vold. Våre tillitsvalgte, trenarar og lagleiarar vert oppfordra til ådelta på felles tiltak i eigen klubb og på tiltak i regi av krets og forbund. 

Anlegg:

Antall lag i gruppa har auka for kvart år. Med dette følgjer og krav til treningstider og gode anlegg. Fotballgruppa skal arbeida aktivt med Idrettslagets hovedstyre for å leggja til rette for fleire og betra anlegg, som bla. Fleirbrukshall. 

Gruppa skal og arbeida for å skapa større forståelse blant laga for dei disposisjonar som må leggjast til grunn for bruk av eksisterande anlegg. 

 

Mål

Sportslige mål

  • Fotballgruppa til Samnanger skal ha hovedfokus på breddefotball
  • Fotballgruppa skal vera aktive i HFK’s Fair Play- satsing
  • Sjå ellers sportsplan 

Andre mål

  • Betre den interne kommunikasjonen i fotballgruppa
  • Vidareutvikla ein god administrasjon av fotballgruppa
  • Skape gode handlingar i alle ledd i gruppa
  • Ta iniativ til forballskule for dei minste 

 

Aktivitetar / framdrift

 

 

AktivitetAnsvarStartFerdigKommentar

Klubbdommarkurs

Dommaransvarleg

Årleg

Årleg

HFK


Fleirbrukshall

Hovedstyret

2021

2026

 


Kurs trenar/lagleiar

Fotballstyret

2021

Årleg

 


Sportsplan

Fotballstyret

2021


Rev. Ved behov


Gruppemøter

Fotballstyret

Årleg

Årleg

 


Trenar-/lagleiarmøter

Fotballstyret

Årleg

Årleg

 


 

Organisasjon

Fotballgruppas styre er organisert slik: 

Verv/ roleAnsvarKommentar

Leiar

Har hovedansvaret for driften av gruppa. Jobbar spesielt med administative og økonomiske oppgaver. Er medlem i hovedstyret. Representerer klubben overfor krets og forbund.

 

 Nestleiar

Er stedfortreder for leder. Sekretær. Oversikt/ansvar for ute/innetrening. Politiattestar. 

 

 Kasserar

Ansvar for regnskapsføring og inn-/utbetalingar.  Budsjett

 

 Kioskansvarleg

Ansvar for innkjøp av varer til kiosk, lage kioskliste. 

 

 Materialforvaltar

Har ansvar for forvaltning av klubbens materiell, avklare behov og innkjøp av materiell. 

 

 Dommaransvarleg

Ansvar for kontakt med klubben sine dommarar. Utdanning og oppfølging av nye dommarar. Tildeling av dommarar til heimekampar

 

Treneransvarleg 

Ansvarleg for sportsplan. Skal arrangere/organisere trenerkurs

 

Ansvarleg FIKS

Ansvarleg for spelarregistrering og spelarlisenser. Melde overgangar. Melde på lag og registrerting av trenarar/lagleiarar. 

 

  

Trenaren sine oppgåver

 

  1. Ansvar for gjennomføring av treningsøkter. Lede lager under kamp. 
  2. Trenaren er ofte den viktigaste voksenpersonen hos spelaren i fotballmiljøet. Difor er det viktig å tenkje over kva ein gjer, seier og vere eit godt eksempel. 
  3. Alle spelarar er like mykje verdt. Gje oppmuntring til alle i medgang og motgang. Legg til rette for eit trygt muljø med aktivitetar som spelarane meisrar:
    Trygghet + trivsel = mestring!
  4. Alle jobbar etter FAIR PLAY reglane. Dei minste laga ( 6-12 år) skal få spela nokolunde likt. Unngå å favoritisera og liknande. 
  5. Sjå på dommaren som ein vegleiar og gjer dommaren god. Respekter avgjersler og bidra til at dommaren trivs. Ta imot og takk sommaren i forbindelse med alle kampar. Ver eit forbilde for borna med tanke på atferd overfor dommaren. 
  6. Tenk på at det er borna som spelar fotball- ikkje du! Tap og vinn med samme sinn. Vis respekt for andre. Ikkje røyk, bann eller ver aggresiv på sidelinja. 
  7. Dispensasjon: Dersom ein har ein dispensajon for ein spelar på laget er det trenars ansvar å ha denne med seg på kvar kamp og vise til motstandar og dommar før kampstart. 
  8. Har du nøkkel til Hagabotnane, er du personleg ansvarleg for denne. Nøkkelen skal leverast inn når ein sluttar. 
  9. Trenarane er og bindeldd mellom foreldre/lagleder/styret.
  10. Trenar skal ta initativ til Fair-Play møter før og etter kamp med dommar og motstandarlaget.

  

Lagleiar sine oppgåver

 

  1. Gje informasjon til alle spelarar og foreldre. Vere bindelegg mellom styret og laget. Opprette Spond-gruppe for laget ditt. 
  2. Sende inn liste over laget sine spelarar i januar/februar. Dette er viktig fordi alle som er registrert som medlemmar automatisk er forsikra. Lista skal sendast til FIKS-ansvarleg. 
  3. Melde frå til materialforvaltar om behov for utstyr som laget treng. 
  4. Melde laget på cupar. Kontakt kasserar for betaling av cup eller refusjon. Det blir dekka inntil kr 3500 for lag med meir enn 10 spelarar og kr 2500 for lag med mindre enn 10 spelarar. Kan søkja om ekstra midler frå styret ved overnattingscuper. Pr.2022 er dette satt til kr 500 pr spelar.
  5. Sette opp Fair-play vakt til kvar heimekamp.
  6. Sette opp kioskvakter på heimekampar. 
  7. Vera kontaktpersonen til foreldre mot fotballgruppa/ trenarane.
  8. Det er lagleiars oppgåve å sørgje for at alle får oversikt over sine kampar.  
  9. Dommaransvarleg ordnar med dommar til kampane, men lagleiar må betale dommar. Dommarregning ligg i klubbrommet. Dommarregninga sendast til kasserar via mail. 
  10. Du skal sende sms/ta kontakt med motstandarlaget ein dag før kamp. Dette for å sikre at dei har huska på kampen og stiller. Minn gjerne på at me har åpen kiosk 😊 
  11. Dersom det er problem med å stille lag til kamp, må lagleiar flytte kampen. Avtal ny tid med motstandarlaget og meld eventuelt ifrå til kretsen. Meld frå til oppsett dommar og sjekk at det er ledig på bana når ein finn ny tid. 

  

Dommarane i Samnanger IL si Fotballgruppe

 

I styret i fotballgruppa sit det ein dommaransvarleg. Han/ho har ansvaret for at det vert satt opp dommar til alle heimekampar. Det er difor viktig at dommaransvarleg får kampoppsettet med ein gang de som lagleiar/trenar har fått dette. Dette legges inn i google-kalenderen til Samnanger Fotball. Dersom kampar vert flytta, er det svært viktig å melda frå til dommaransvarleg. 

I tillegg ber me lagleiarar om å melde frå til dommaren dagen før kamp, for å minna dei på at dei har kamp. Det er viktig å hjelpa kvarander å huska, så går det endå betre! 

Me ynsjer at alle lagleiarar og trenarar behandlar dommaren fint og at dei får hjelp og støtte under kampane. Nokre av dei er veldig unge og der er viktig å ta vare på dei. Det er ikkje alltid enkelt å dømma kampar! Me treng dommarane og de må trivast på forballbana for at dei skal ville fortsetja å dømma. 

Me vil utdanna nye klubbdommarar kvart år i der er svært viktig å ta vare på alle som har lyst til å vera dommar framover. 

 

  

Klær og utstyr

 

I Samnanger Fotball har me avtale med Umbro og Torshov Sport.
 Alle får utdelt drakt når dei begynner og denne skal tas vare på og leverast tilbake når den er for liten eller du sluttar.
 Den skal være rein og vaska når den blir returnert til lagleiar/materialforvaltar.

 


Kiosk 2022

 

På grunn av Covid -19 så har vi endret litt på meny og det er oppdaterte hygienetiltak i kiosken. 

 

  • Hent nøkkel på Mix på Bjørkheim. Du må kvittere for at du har hentet den.
  • Lurt å være i kiosken minst ett kvarter før kampstart, for oppstart av varmmat og kaffe + +
  • Start med å sprite hender når du ankommer kiosken. 
  • Sett ut ”KIOSK OPEN” skiltet på kortsiden av klubbhuset, slik at vi ser det fra begge banene.
  • Heng ut Is-flagg foran den/de utsalgslukene som er åpen.
  • Lås opp toalettet på baksiden av huset v/grusbane. 
  • Vekslepenger,  ligger i skuff  i pengeskrin.
  • Lag kaffe- Egen kaffekanne
  • Kok vann- Egen  kanne
  • Nytt salgskjema av året, en trenger nå kun summere opp hvor mye kontant salg det har vært. Dagens omsetning og salgsskjema legges i en pose i den hvite postkassen inne på veggen i kiosken. Husk å legge igjen kr 400 i vekslepenger i pengeskrinet, som legger tilbake i skuffen. Husk å signere og påfør dato og lag du representerer. Om det ikke er nok mynt til vekslepenger, så gi meg beskjed.(Mob: 98400558)
  • Desinfiser /vask kontaktflater og kontaktpunkt på utstyr på kjøkken.
  • Kost gulvet
  • Vask gulvet med engangsmopp.
  • Har dere tid til overs er det kjempefint om dere kan fylle på med varer, vaske der dere ser det trengs og smårydde litt J Nb, husk å sjekk dato på brus, eldst ytterst.
  • Dra ut støpsel til micro, vannkoker, kokeplate og vaffeljern.
  • Bosset kastes i søppeldunk bak den store gule garasjen ved enden av banene. 
  • IKKE kast boss inn i den små boden i enden av klubbhuset!
  • Husk å sjekke og tømme for boss i bosspannene utenfor kiosken og forside.
  • Is-flaggene tas inn etter kamp, både forside og utenfor kiosk.
  • Lever nøkkel tilbake til Bjørkheim, og kvitterer for den.

 

VIKTIG!

Dersom du ikke har mulighet til å ta oppsatt vakt, må du selv ordne bytte.

 

Takk for at dere stiller opp! J

Skulle det være noen spørsmål eller varemangel, ta kontakt med Stephanie på tlf 930 77 764

 

 

Bruk av Google-kalenderen

 



  • Alle kamper legges inn i kalenderen av FIKS-ansvarlig. Dersom feil, meld ifra. Flytting av kamper meldes til FIKS-ansvarlig og du vil få tilbakemelding på om det kan la seg gjøre mtp ledig banekapasitet. Ønsker også treningskamper blir lagt inn i kalenderen. 


 

 

Oversikt bane

 Treningstider

 

Sponsorer Fotball