⚽️ Styremøte 26 sep 2022 inkl. info om felles avslutning❗️

Posted by Gislane Pereira Totland on 24. Okt 2022

Referat møte fotballstyret 26/9-22


  • Info frå Svein Tore om møtet med kommunen, bruken av bana etc. 
  • Diskuterte kva me skal gjera med målene om vinteren. Dei skulle ha vore under tak for å bli tatt bedre vare på. 
  • Sesongavslutning: Nokre år no så har alle lag hatt egne avslutningar. Tidlegare var det i grendahuset. I år ønske me å samla alle lag i Hagabotnane, for ein liten avslutning. Premieutdeling. Litt mat. Partytelt etc. Dato e ikkje klar så det kjem me tilbake til. 
  • Budsjett på utstyr? Diskusjon rundt drakter, nokon har drakter frå Eviny, nokon frå SPV. Me kjøper ikkje inn nye drakter før neste sesong. Dei som treng tar kontakt med Irmelin. Viktigast at dei eldste laga har like drakter med lik logo. 
  • Ang. fotballane. Her er det for dårleg system, me må ordna noko anna, utnytta rommene i klubbhuset betre for oppbevaring av utstyr. Det kan ikkje vera som no. Anja tar kontakt med SIL for å høyra om rommet på baksida. VIKTIG ❗️ at lagene tar vare på egne baller. Me ønske at alle lag skal ha egne vester, og vaska sjølv, at det ikkje lengre skal henga i klubbhuset. Me vil få opp igjen garderobefasiliteter med dusj etc. og bedre system. 
  • Innbyttarbenkar: diskuterte om me skal kjøpa nye eller laga sjølv i samarbeid med snikkar. Roy Vegar har snakka med aktuelle så her skal me prøva å få fiksa noko. 
  • Tribunar: ein tribune til og tak over? 
  • Lagleiar/trenarmøte: dette vil me ha i midten av januar 2023. Korleis ligg lagene an? Barnefotballkveld/ ungdomsfotballkveld. Trenarkurs(kretsen). 
  • Skal me ha rekrutteringsanvarlig i styret? Følge opp nye spelarar/trenarar osv. 
  • Leikeplass- oppretta ein komite. Siw Berit og Miriam frå styret. Pluss få med frå SIL. 
  • Desse e på valg til årsmøtet: Siw Berit, Gislane, Anja
  • Neste møte: 24/10 kl 19 på teams.



Comments

Logg inn for å skrive en kommentar.