Endeleg er me klar til å ta i mot ordrar på klubbkolleksjon for Samnanger IL! Frist 30 januar!

Posted by Samnanger IL on 20. Jan 2022

Klubbkolleksjon
Endeleg er me klar til å ta i mot ordrar på klubbkolleksjon for Samnanger IL!
Me sel jakker, bukser, T-skjorter og singlet, alt i topp kvalitet frå Bjørn Dæhlie. Betalande medlemmar får god rabatt på jakker og T-skjorter, så du sparar inn medlemskontingenten ved å kjøpe eitt rabattert plagg. 
Frist for å bestille er søndag 30. januar
Me har fått eit utval produkt de kan prøve for å finne rett storleik, og det vert prøvetime på biblioteket torsdag 27. januar kl. 18-20 og laurdag 29. januar kl. 10-12. Levering er venta rundt påske. 
Bruk bestillingskjema: https://forms.gle/TJ46wyaiZ48G7BN58 om du ynskjer å handle. 
Spørsmål kan rettast til Per Arne Aadland, perarne.aadland@gmail.com