OM OSS


Store deler av skog- og fjellområda i Samnanger er som skapte til å utfordra orienteringsløparar, og dagens gode o-kart er kanskje dei beste idrettsanlegga me har. Dei er ikkje berre til glede for våre eigne og andre skogtravarar her vest, men Samnanger har også fleire gonger vore arena for nasjonale o-løp.

Bjarne Hauge – idrettsmannen og læraren som med rette har fått heiderstittelen ”far til o-sporten i Samnanger”. Same året som han flytte til Samnanger, 1968, hadde han fått smaken på o-sport gjennom eit kurs i heimtraktene hans på Hatlestrand. Alt våren etter hadde han laga eit o-kart i svart/kvitt på grunnlag av økonomisk kartverk i målestokk 1:5000 over Hagabotnane. Han skipa til nybyrjarkurs og arrangerte treningsløp med dei unge o-rekruttane. Den ivrige gjengen vart innmeld i Hordaland o-krets og i Norges Orienteringsforbund. Med det vart 1969 ståande som skipingsåret for o-gruppa i SIL.

  I 1970 laga Bjarne igjen eit o-kart som kopi av økonomisk kartverk, men denne gongen i målestokk 1:15000 slik at det dekte eit større område. «Tenk deg den grauten,» seier Bjarne i ettertid om svart/kvitt-kartet. Kartet vart nytta til KM same året, der både Bjarne sjølv og fleire av dei ferske samnangerløparane gjorde det temmeleg bra.

  Nye kart frå Bjarne si hand dukka opp, og no var han også begynt å synfara terrenget for å teikna inn detaljar som ikkje viste på kartgrunnlaget. Og i 1971 stod SIL sjølv som arrangør  for første gong, der fleire samnangerløpararar hamna øvst på resultatlista i sine klassar.

  Men revolusjonen kom i 1972 med kartet ”Fitjavatnet” i fire fargar, synfare og teikna av den same Bjarne. Løparane i o-cupen mellom Fana og Askøy var dei første som fekk prøva kartet, men same året skipa SIL til kretsløp på Tveit. Og kartet fekk mange lovord.

  Året etter, 1973, vart eit storhende i den tidlege soga om o-sporten i Samnanger. Då var godt som heile den nordiske eliten på plass i Nordbygda. Gneist stod som arrangør, men med Bjarne Hauge som løypeleggjar. Det vart ein folkefest der mange samningar fekk augene opp for spenninga og moroa med o-sport. Vittige tunger ymtar frampå om at det var dei svenske elitejentene si nakenbading i Nordvikavatnet som tente karane!

  Bjarne har vore leiar i o-gruppa i fleire periodar, men ungdomane har også teke ansvar. Både Arild Røen og Håkon Skulstad var berre 15 år då dei tok på seg leiarvervet.

 




Levert av IdrettenOnline