Løypeleggjarkurs på nett

Lagt ut av Per Arne Aadland den 17. Mar 2020

NOF har laga eit løypeleggjarkurs på nett der det er konkrete retningslinjer og tips for N, C, B (og A) løyper og særtrekka ved dei ulike distansane (sprint, mellom og lang) vert trekt fram. Kurset tek ca 1 time å gjennomføre og eg vil verkeleg anbefale det for alle som kanskje skal leggje ei løype dei neste tre åra, og alle som vil vere meir trygge på kva ein kan forvente av utfordringar i dei ulike klassane. I 2020 er alle arrangørar av krets- og nasjonale løp pålagt å teste nytt klassetilbod der rett nivå er svært viktig. 

Her finn du meir informasjon om kurset og lenke til sjølve kurset. Du kan ta kurset når du vil, og du kan avslutte undervegs og starte opp att seinare. 

For å starte kurset må du logge inn med "Min idrett"-brukar. Dei fleste har nok det frå før, evt. frå anna idrett, og det er viktig at du prøver å finne att den "gamle" brukaren din i staden for å lage ein ny. Då unngår du å ha fleire brukarar i NIF sin nasjonale database over aktive og tillitsvalde. Ta evt. kontakt med Per Arne så kan eg kanskje hjelpe då eg har tilgong til medlemsregisteret. 


0 Kommentar

Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Siste frå Per Arne Aadland

Levert av IdrettenOnline