Felles overtrekksdrakter for idrettslaget

Posted by Samnanger IL on 22. Sep 2021

Idrettslaget har endeleg vorte einige om eit felles design for overtrekksdrakter og me hamna på same

design og leverandør som langrennsgruppa har hatt dei siste åra. Arbeidsutvalet vil sponse jakker og

T-skjorter som er dei produkta som best viser att, og kan brukast på tvers av mange grupper.

Me vil tilby tre produkt til sponsa pris:

 Jakke med nettingfor («vinterjakke») – 925,- for vaksne / 700,- for born

 Jakke utan for («sommarjakke») – 700,- for vaksne / 550,- for born

 T-skjorte – 200,- for vaksne / 165,- for born

Dette er prisane for betalande medlemmar i SIL. For ikkje-medlemmar kjem eit tillegg på 275,- per

jakke og 175,- per T-skjorte.

For å få vinterjakkene til jul, må ordre sendast snarast, så ta kontakt med Trude Tysseland,

tlf: 92232325 / trudetys@gmail.com, seinast laurdag 25. september. Me vil ta opp ordre på

sommarjakker og T-skjorter seinare, i god tid før sommarsesongen, og kjem tilbake med informasjon

om dette.



0 Comment

Levert av IdrettenOnline